Tag Archives: southampton

Munch Exhibiton

I år ville Edvard Munch fylt 150, dersom han framleis hadde vore i live. Hurra. Slikt må ein sjølvsagt ferie med utstilling. Som ein del av One Week Project i første semester fekk vi muligheten til å lage ein plakat som skulle hedre Munch sine 150 år, og vi fekk muligheita til å få plakaten din utstillt på Munch museet i Kragerø i mars, i år. Det var desverre svært labert engasjement, kun en av 60 studentar valgte  å lage Munch plakat. Lærarane våre synst tydeligvis at dette var for dårlig og pusha nylig brifen på oss ein ennå ein gong for å prøve å skvise ut nokre fleire bidrag. Denne gongen var det overraskande mange som greip sjansen, dessutan var tidspunktet litt meir beleilig enn forrige gong så koffor ikkje?

For oss som valgte å lage plakat til Munch betydde dette at vi ville miste rundt 1,5 veker som kunne blitt brukt på det andre plakatprosjektet vi helde på  med for tida. I tillegg til at det nærma seg eit par innleveringar, så dette kunne lett bli litt mykje å måtte sjonglere. I dette tilfellet er stress er uungåelig, så det er berre å køyre på.

SKRIK test 2_39

Improvisert fotostudio i stua vår er kvardagskost i 133 Bernard Street.

Her er den ferdig plakaten. Eg tok utgangspunkt i Skrik (så originalt valg av motiv, I know) og sa til meg sjøl, ” Sandra, du har egenltig ikkje tid til å lage ein 3D-modell av Skrik, men gjer det likevel”. Som sagt så gjort. Modellen erlaserkutta ut frå akrylplater, smekka ihop, tatt bilde av og slengt på litt tekst. Easy peasy lemon squeesy 🙂  (Nei, så enkelt er det egentlig ikkje, det ligg faktisk timesvis med småpirk bak at frå foto til typografi, men eg er lat og eg trur egentlig ikkje at nokon andre har den minste interesse av å vite i detalj korleis eg laga den plakaten..)

A2 Poster Scream

Det var mange utrulig gode plakatar som blei sendt inn denne gongen, så eg trur lærarane våre vart godt fornøgde.

Tagged , , , , , , ,

Bournemouth

_MG_6595jula2012

Det som egentlig skulle vere ein rask tur til togstasjonen for å ta bilder av ventande togpassasjerar blei til ein spontan heisatur til Bournemouth. Bournemouth ligg ein 30. min togtur frå Southampton. Hovedgrunnen bak turen var vel at for å komme inn på sjølve perrongen må ein kjøpe togbillett, så eg må ha tenkt heilt ubeviss “koffor ikkje reise en plass i samme slengen?”. Det hadde vore snakk om at Bournemouth har så fine strender, så kvifor ikkje. Eg er ikkje ein spontan person av natur, så når eg plutselig satt på toget gjekk det opp for meg at eg ikkje visste ein ting om Bournemouth. Eg visste ikkje om stasjonen låg langt frå sentrum , om det var langt å gå, om det var en stor plass, eller om det i det heile tatt var nokespennade å sjå der. Typisk..

Dersom noken tenke på å reise til Bournemouth via tog, don’t worry, der kryr av skilt som vise deg veien til alt frå stranda til universitet og kloster. Alt av interesse ligg i gåavstande og du  skal vere jævlig god dersom du skal klare å gå deg vill.

_MG_6593jula2012

Utsikta som måtte meg når eg nådde stranda var heilt fantastisk! En kan faktisk sjå heilt til Isle of Wight. (På bildet over er det den du ser oppe i høgre hjørne) Regnbuen satte prikken over i-en. Det kom nokre små regnbyger i ny og ned, men utanom det var det sol. Eg fekk til og med sjå den første solenedgangen på veldig lenge. Heile turen var i bunn og grunn ein research/fototur for D&AD prosjektet vår, eg hadde valgt ein brief som innebar fotografi. Målet var å fange “the decisive moment”, eller på norsk “det avgjørande øyeblikket”. Det var mange som var ut og gjekk så det betydde mange potensielt flotte motiv. Her er noken av dei.

Bournemouth D&AD 2

Det er noke med strandromenader her i England. Alle har ein, og alle ser eldgamle ut, nesten på kanten til majestetiske. Her var den visst samlingplass for surfeklubben i Bournemouth.

_MG_6644jula2012Bournemouth D&AD 3

Mens eg prøvde å ta bilde av nokre strandshus blei eg photobomba av eit par middelaldrande surfedudes. Herlig!

Bournemouth D&AD 8_MG_6693jula2012

Denne karen hadde tatt med seg kvalpen sin på stranda for første gong 🙂

Bournemouth D&AD 4_MG_6715jula2012

Tagged , , , ,

RSA Student Design Awards

Heilt i starten av første semester fekk vi muligheten til å delta i RSA Student design awards 2014. Det er ein stor designkonkurranse som er open for studenter og dei som akkurat er ferdig med å studere. Konkurransen består av mange ulike briefer som du kan velge mellom. Du kan sende inn bidraget ditt, men det kostar litt for å delta. Vi brukte desse briefane som ein del av eit av undervisninga vår i eit av prosjektfaga våre med null forventingar til å delta så vi tok det ikkje så altfor høgtidleg.

Kanskje eg skal forklare litt om korleis undervsininga vår er lagt opp. Vi har tre ‘project units’,vi kan kalle dei ‘prosjektfag’ because that makes more sense in norsk). Dei er Final Major Project, eller som vi kallar det FMP. Professional Context unit, eller Prof Con. Og til slutt Visual Communication Research unit, eller VisCom. Vi jobbar med alle desse prosjekta parrallelt med kvarandre og til tider kan det bli litt mykje og holde styr på, særlig når det nærmar seg innlevering.

Til RSA prosjektet valgte eg å  gå for ein brief som kort sagt gjekk ut på å re-designe ei sjølvvalgt produktpakning med tanke på å gjere dne meir miljøvennlig. Eg tenkte at dette er min mulighet til å ta for meg Amazon, kongen av lite gjennomtenkt og upraktisk innpakning.

Deadline kom og gjekk, vi fekk tilbakemelding på prosjektet og sa og ferdig med RSA-en. Eg hadde gløymt heile RSA-en heilt fram til for ei veke sidan når eg plutselig fekk ein mail av ein av lærarane våre at prosjektet mitt er eit av dei bidraga som har blitt valgt ut til, eg antar ‘representere Solent Uni’ i konkurransen. (Ikkje at eg skjønnar kordan fordi eg fulgte ikkje ein gong briefen. Eg skulle lage pakningsdesign, men eg endte opp emd å lage ein kampanje..) Faktisk er det to frå kollektivet vårt som får lov til å delta, meg og Eirin. Spennande! Dette er den første konkurransen eg har  fått deltatt på så det er ingen forventningar, whatsoever til å gå  vidare. Dei som kjem vidare til siste runde må inn og holde eit kort foredrag om prosjektet sitt til dommerpanelet, så for meg helde det i massevis berre å få delta..

Her er nokre konseptbilder av dei ferdige plakatane i bruk i riktig miljø.

Test board12 Submarine Board Ferdig

Tagged , , , ,

London tur og Bastille konsert

Torsdag 6. Mars drog eg med meg Eirin på heisatur til London. Vi starta dagen tidlig og sat på toget før klokka var passert 09.00. VI hadde kun to mål for denne turen: finne Sherperds artstore ( ein butikk med eit papirutvalg som tilsvare himmelen for oss papirglane designere) og Bastille konsert(!)

poster bilder_3jula2012

Frå Big Ben trudde vi (eg) at det var straka vegen til Piccadilly circus, men den gong ei. Vi måtte gjennom ei park og hamna midt opp i vaktskifte av vaktene utanfor Buckinham Palace. Vi hadde tydligvis valgt ein veldig fin dag å reise til London på, det var turistar og skuleklasser overalt. Og som seg hør og bør i London traff vi også på nokre norske og svenske turistar (det kryr av dei her).

poster bilder_6jula2012

Klokka nærma seg 4, og etter ei rask lunsj og litt dessert bestemte eg at dersom vi skulle få gode plassar (så langt fram mot scena som mulig, for ja, eg er en av dei)  måtte vi reise NO. Heldigvis var arrangørane ved Alexandra Palace bestemt på at alle skulle finne fram. Ved togstasjonen hadde dei vore så snille  og satt fram eit skilt med instruksjonar for korleis ein skulle komme seg til Alexandra palace. Ikkje at det hjalp oss, vi måtte likevel innom tre ulike bussar før vi fann ein som i det heile tatt skulle i riktig retning. MEN vi fann fram, og gjenstod  berre to timars venting i ein kø fylt til randen av gjenger med fjortisjenter før moroa starta. Eirin var snill nok til å kjempe seg gjennom køen for å kjøpe oss kakao.

poster bilder_13jula2012

Klokka 19.30 er det endelig showtime. Før Bastille skal to oppvarmingsband på scena; Rag N Bone og Angel Haze. Klokka blei godt over 21.30 før Angel Haze sa seg ferdig og crewet starta og sette opp Bastille sitt utstyr. Vi hadde fått heilt fantastiske plassar på andre rekke nesten heilt ved midten av scena! Sidan det ikkje skal så mange centimenter til før eg ikkje ser ein dritt er god utsikt til scena gull verdt. Det blei ein det passiv agressive interne konflikter i kampen om plassen. Her er det spisse albuer og beinplass som gjeld. Eg vann..

Bastille Dan

Bastille var heilt fantastiske live, og sceneshowet deira har virkelig tatt seg opp eit par hakk sidan eg såg dei i november i fjor; trådlause mikrofonar, fleire trommer på scena, gitarar, impornerande lysshow og eit giganstisk trekant skjerm med prosjektor. Sidan eg var så heldig å ha med meg Eirin, og at ho er litt høgare enn meg, kunne ho ta bilder og filme det som skjedde på scena utan å få med bakhaudet på dei foran. Imens kunne eg slå meg heilt laus og nyte konserten uten å måtte føle på et eg burde ta bilder og filme for å ha i allefall noken få minner frå kvelden. Faktisk er det Eirin som har tatt alle bilda og videoane frå konserten, og for det er eg evig takknemlig. 🙂

Då konserten var ferdig småsprang vi heile veien tilbake til stasjonen. På veien passerte vi eit par hundre ++ andre konsertgåere i håp om å sleppe unna den enorme køen det heilt sikkert ville bli. Takk gud for det..

Her eit eit par bilder til, fordi eg ikkje får nok av Bastille..

bastille kyle will woody bastille dan 3bastille dan angle

Alt i alt var det ein fantastisk kveld. Det var ein lang dag, beina våre var øydelagt og vi kom ikkje heim før seint..deldig seint. Men i det var verdt det! Og eg trur Eirin hadde det litt artig ho og 🙂

Her er ein liten video frå turen vår! (Just a warning, den består av 80%  konsertvideo)

Hope you enjoy!

Tagged , , , , , , ,

Klaus er fri

Det heile starta ein sein tysdags kveld. Eg sat på kjøkkenet og dreiv med mitt, då eg brått følte eg såg noko i augekroken, ein skygge som pilte under kjøkkenbenken, men då eg snudde meg var der ingenting. Første tanke var,”vi har ei mus i hus”. Det neste dagane såg eg fortsatt ein skugge som pilte under benkane, vasken og kjøleskapet, men utan bevis som kunne bekrefte mistankane mine starta resten av kollektivet sakte, men sikkert og tru at eg var blitt galen. Det gjorde nesten eg òg.

Heldigvis var Camilla på rett stad til rett tid, og jaggu fekk vi ikkje berre sjå musa, men vi fekk filma den og. Dersom du har sett videoen i første blogginnlegget mitt har du allereie fått eit lite glimt at Klaus. Ja, vi ga han namnet Klaus…

Uansett. Sia den dagen gjorde vi sport av og prøve å fange Klaus på alle tenkelige måtar; stenge han inne under vasken, lokke han ut med mat av alle slag, fange han med både esker og bøtter, men utan hell. Heil til ein dag då vi plutselig høyrde Camilla skrike som ein gal frå andre etasje, “Han er her! Klaus er her oppe! Kom!”. Det førte til unntakstilstander. Alle slapp det dei hadde i henda, bevæpna seg med bøtter og organiserte oss slik at ein stod i døra for å passe på at Klaus ikkje kom seg ut mens resten skulle jage han rundt i rommet og prøve og fange han. Tru det eller ei så klarte vi det!

Vi hadde hatt planar om å kjøpe rottegift og musefeller, men no stod vi der i stua med ei lys levande mus fanga under søppebytta vår og visste ikkje heilt kva vi skulle gjere av den.Nokon kom med det forslaget om å sleppe han fri, og slik blei det. Vi gjekk til ein liten park i nærheten der vi gav Klaus friheten tilbake. Det var eit rørande øyeblikk som lenge vil bli huska her i kollektivet, derfor har vi foreviga det med rundt tusen bilder og ein  cheesy video 🙂

IMG_3969jula2012 IMG_3971jula2012

Takk for alt Klaus. Kjøkkenet vart litt stillare utan deg 🙂

Tagged , , , ,

Eg hadde planar om å lage ein blogg..

..men dei planane gjekk raskt rett i dass. Litt awkward å kome med første innlegget etter vi snart har vore ein og ein halv månad i Southampton. Eg hadde som sagt store planar for denne bloggen og frå og med i dag har eg tenkt å gjere noko med dei.

No har vi som sagt vore i Southampton i litt over ein månad, vi har starta med undervisninga, vi har blitt kjent med byen Southampton, vi har til og med vore til London, og vi har hatt “Norweigan Night out” der vi møtte alle dei andre norske studentane her nede, og sist men ikkje minst har vi vore på sykkeltur.  Det er mykje som skal forteljas så dette blir heller eit raskt og enkelt sammendrag av dei første vekene våre her.

Vi tar det frå starten.

9. September stod eg opp kl. 05.30 for å gjere meg klar til det som skulle bli ein lang dag med reising. Eg var innom både båt og fly før vi ankom Gatwick Airport, England. På togstasjonen blei vi fortalt at for å kome oss til Southampton måtte vi ta toget til Barnham Station og bytte tog der. Då vi kom fram rundt kl.23 fekk vi vite at siste toget til Southampton hadde gått sånn rundt kl.9-ish. Nedtur. Då stod vi der med eit lass med bagasje og null peiling på kva vi skulle gjere.

DSC_0584jula2012

Heldigvis er engelskmenn svært ivrige etter å hjelpe, og dei fiksa meir enn gjerne taxi til oss. Frå Barnham til Southampton er det ca. 1 times køyring, og ikkje vi trengte ikkje å betale så mykje som ein penny. Rundt 00.30 ankom vi endelig 133 Bernard Street. Heldigvis var Eirin fremdeles oppe og slapp oss inn.

DSCF2864jula2012

Dei har ein ting for nøklar, desse engelskmenna.DSC_0589jula2012

Dagane før skulestart brukte vi på innkjøp av diverse ting og tang til huset.Det inkluderte eit (eller fire) obligatorisk(e) besøk til IKEA.

DSC_0588jula2012

Ein av kveldane brukte vi på å spasere rundt i southampton for å ta bilde.

DSCF2878jula2012DSCF2884jula2012DSCF2934jula2012

Southampton på kveldstid.DSCF2916jula2012DSCF2919jula2012DSCF2957jula2012DSCF2897jula2012

Vi var også på skuletur til London der vi leika turistar i seks timar. Vi var blant anna innom Museum of London og Modern Tate Museum, åt pizza til lunsj og gjekk oss litt vill. Det blei ein lang dag, blant anna fordi bussen brukte ei par ekstra timar på å kome seg ut av London.

DSCF2975jula2012 DSCF2982jula2012 DSCF2986jula2012 DSCF2993jula2012 DSCF2990jula2012 DSCF2998jula2012 DSCF3004jula2012 DSCF3049jula2012 DSCF3055jula2012 DSCF3071jula2012 DSCF3091jula2012

Retningsans er ikkje vår streke side.
DSCF3097jula2012 DSCF3193jula2012

Nokon hadde følt trangen for å male trea i London blå. Slik galskap er tydeligvis kvardagskost her i England for karen på bilde kunne ikkje brydd seg mindre.DSCF2962jula2012

Jah, dette blei eit himla langt innlegg. Det er så mykje fleire artige ting vi har opplevd mens vi har vore her, men dei får vente til seinare. Dersom du ennå ikkje er lei kan du ta ein kikk på filmen nedanfor. Den er eit lite kjapt samadrag av vekene våre hittil, berre med bevegelige bilder og cheesy musikk!
🙂

Bye.

Tagged , , , ,