Tag Archives: RSA

RSA Student Design Awards

Heilt i starten av første semester fekk vi muligheten til å delta i RSA Student design awards 2014. Det er ein stor designkonkurranse som er open for studenter og dei som akkurat er ferdig med å studere. Konkurransen består av mange ulike briefer som du kan velge mellom. Du kan sende inn bidraget ditt, men det kostar litt for å delta. Vi brukte desse briefane som ein del av eit av undervisninga vår i eit av prosjektfaga våre med null forventingar til å delta så vi tok det ikkje så altfor høgtidleg.

Kanskje eg skal forklare litt om korleis undervsininga vår er lagt opp. Vi har tre ‘project units’,vi kan kalle dei ‘prosjektfag’ because that makes more sense in norsk). Dei er Final Major Project, eller som vi kallar det FMP. Professional Context unit, eller Prof Con. Og til slutt Visual Communication Research unit, eller VisCom. Vi jobbar med alle desse prosjekta parrallelt med kvarandre og til tider kan det bli litt mykje og holde styr på, særlig når det nærmar seg innlevering.

Til RSA prosjektet valgte eg å  gå for ein brief som kort sagt gjekk ut på å re-designe ei sjølvvalgt produktpakning med tanke på å gjere dne meir miljøvennlig. Eg tenkte at dette er min mulighet til å ta for meg Amazon, kongen av lite gjennomtenkt og upraktisk innpakning.

Deadline kom og gjekk, vi fekk tilbakemelding på prosjektet og sa og ferdig med RSA-en. Eg hadde gløymt heile RSA-en heilt fram til for ei veke sidan når eg plutselig fekk ein mail av ein av lærarane våre at prosjektet mitt er eit av dei bidraga som har blitt valgt ut til, eg antar ‘representere Solent Uni’ i konkurransen. (Ikkje at eg skjønnar kordan fordi eg fulgte ikkje ein gong briefen. Eg skulle lage pakningsdesign, men eg endte opp emd å lage ein kampanje..) Faktisk er det to frå kollektivet vårt som får lov til å delta, meg og Eirin. Spennande! Dette er den første konkurransen eg har  fått deltatt på så det er ingen forventningar, whatsoever til å gå  vidare. Dei som kjem vidare til siste runde må inn og holde eit kort foredrag om prosjektet sitt til dommerpanelet, så for meg helde det i massevis berre å få delta..

Her er nokre konseptbilder av dei ferdige plakatane i bruk i riktig miljø.

Test board12 Submarine Board Ferdig

Tagged , , , ,