Tag Archives: life

Klaus er fri

Det heile starta ein sein tysdags kveld. Eg sat på kjøkkenet og dreiv med mitt, då eg brått følte eg såg noko i augekroken, ein skygge som pilte under kjøkkenbenken, men då eg snudde meg var der ingenting. Første tanke var,”vi har ei mus i hus”. Det neste dagane såg eg fortsatt ein skugge som pilte under benkane, vasken og kjøleskapet, men utan bevis som kunne bekrefte mistankane mine starta resten av kollektivet sakte, men sikkert og tru at eg var blitt galen. Det gjorde nesten eg òg.

Heldigvis var Camilla på rett stad til rett tid, og jaggu fekk vi ikkje berre sjå musa, men vi fekk filma den og. Dersom du har sett videoen i første blogginnlegget mitt har du allereie fått eit lite glimt at Klaus. Ja, vi ga han namnet Klaus…

Uansett. Sia den dagen gjorde vi sport av og prøve å fange Klaus på alle tenkelige måtar; stenge han inne under vasken, lokke han ut med mat av alle slag, fange han med både esker og bøtter, men utan hell. Heil til ein dag då vi plutselig høyrde Camilla skrike som ein gal frå andre etasje, “Han er her! Klaus er her oppe! Kom!”. Det førte til unntakstilstander. Alle slapp det dei hadde i henda, bevæpna seg med bøtter og organiserte oss slik at ein stod i døra for å passe på at Klaus ikkje kom seg ut mens resten skulle jage han rundt i rommet og prøve og fange han. Tru det eller ei så klarte vi det!

Vi hadde hatt planar om å kjøpe rottegift og musefeller, men no stod vi der i stua med ei lys levande mus fanga under søppebytta vår og visste ikkje heilt kva vi skulle gjere av den.Nokon kom med det forslaget om å sleppe han fri, og slik blei det. Vi gjekk til ein liten park i nærheten der vi gav Klaus friheten tilbake. Det var eit rørande øyeblikk som lenge vil bli huska her i kollektivet, derfor har vi foreviga det med rundt tusen bilder og ein  cheesy video 🙂

IMG_3969jula2012 IMG_3971jula2012

Takk for alt Klaus. Kjøkkenet vart litt stillare utan deg 🙂

Advertisements
Tagged , , , ,