Tag Archives: første innlegg

Eg hadde planar om å lage ein blogg..

..men dei planane gjekk raskt rett i dass. Litt awkward å kome med første innlegget etter vi snart har vore ein og ein halv månad i Southampton. Eg hadde som sagt store planar for denne bloggen og frå og med i dag har eg tenkt å gjere noko med dei.

No har vi som sagt vore i Southampton i litt over ein månad, vi har starta med undervisninga, vi har blitt kjent med byen Southampton, vi har til og med vore til London, og vi har hatt “Norweigan Night out” der vi møtte alle dei andre norske studentane her nede, og sist men ikkje minst har vi vore på sykkeltur.  Det er mykje som skal forteljas så dette blir heller eit raskt og enkelt sammendrag av dei første vekene våre her.

Vi tar det frå starten.

9. September stod eg opp kl. 05.30 for å gjere meg klar til det som skulle bli ein lang dag med reising. Eg var innom både båt og fly før vi ankom Gatwick Airport, England. På togstasjonen blei vi fortalt at for å kome oss til Southampton måtte vi ta toget til Barnham Station og bytte tog der. Då vi kom fram rundt kl.23 fekk vi vite at siste toget til Southampton hadde gått sånn rundt kl.9-ish. Nedtur. Då stod vi der med eit lass med bagasje og null peiling på kva vi skulle gjere.

DSC_0584jula2012

Heldigvis er engelskmenn svært ivrige etter å hjelpe, og dei fiksa meir enn gjerne taxi til oss. Frå Barnham til Southampton er det ca. 1 times køyring, og ikkje vi trengte ikkje å betale så mykje som ein penny. Rundt 00.30 ankom vi endelig 133 Bernard Street. Heldigvis var Eirin fremdeles oppe og slapp oss inn.

DSCF2864jula2012

Dei har ein ting for nøklar, desse engelskmenna.DSC_0589jula2012

Dagane før skulestart brukte vi på innkjøp av diverse ting og tang til huset.Det inkluderte eit (eller fire) obligatorisk(e) besøk til IKEA.

DSC_0588jula2012

Ein av kveldane brukte vi på å spasere rundt i southampton for å ta bilde.

DSCF2878jula2012DSCF2884jula2012DSCF2934jula2012

Southampton på kveldstid.DSCF2916jula2012DSCF2919jula2012DSCF2957jula2012DSCF2897jula2012

Vi var også på skuletur til London der vi leika turistar i seks timar. Vi var blant anna innom Museum of London og Modern Tate Museum, åt pizza til lunsj og gjekk oss litt vill. Det blei ein lang dag, blant anna fordi bussen brukte ei par ekstra timar på å kome seg ut av London.

DSCF2975jula2012 DSCF2982jula2012 DSCF2986jula2012 DSCF2993jula2012 DSCF2990jula2012 DSCF2998jula2012 DSCF3004jula2012 DSCF3049jula2012 DSCF3055jula2012 DSCF3071jula2012 DSCF3091jula2012

Retningsans er ikkje vår streke side.
DSCF3097jula2012 DSCF3193jula2012

Nokon hadde følt trangen for å male trea i London blå. Slik galskap er tydeligvis kvardagskost her i England for karen på bilde kunne ikkje brydd seg mindre.DSCF2962jula2012

Jah, dette blei eit himla langt innlegg. Det er så mykje fleire artige ting vi har opplevd mens vi har vore her, men dei får vente til seinare. Dersom du ennå ikkje er lei kan du ta ein kikk på filmen nedanfor. Den er eit lite kjapt samadrag av vekene våre hittil, berre med bevegelige bilder og cheesy musikk!
🙂

Bye.

Advertisements
Tagged , , , ,