Tag Archives: exhibition

Munch Exhibiton

I år ville Edvard Munch fylt 150, dersom han framleis hadde vore i live. Hurra. Slikt må ein sjølvsagt ferie med utstilling. Som ein del av One Week Project i første semester fekk vi muligheten til å lage ein plakat som skulle hedre Munch sine 150 år, og vi fekk muligheita til å få plakaten din utstillt på Munch museet i Kragerø i mars, i år. Det var desverre svært labert engasjement, kun en av 60 studentar valgte  å lage Munch plakat. Lærarane våre synst tydeligvis at dette var for dårlig og pusha nylig brifen på oss ein ennå ein gong for å prøve å skvise ut nokre fleire bidrag. Denne gongen var det overraskande mange som greip sjansen, dessutan var tidspunktet litt meir beleilig enn forrige gong så koffor ikkje?

For oss som valgte å lage plakat til Munch betydde dette at vi ville miste rundt 1,5 veker som kunne blitt brukt på det andre plakatprosjektet vi helde på  med for tida. I tillegg til at det nærma seg eit par innleveringar, så dette kunne lett bli litt mykje å måtte sjonglere. I dette tilfellet er stress er uungåelig, så det er berre å køyre på.

SKRIK test 2_39

Improvisert fotostudio i stua vår er kvardagskost i 133 Bernard Street.

Her er den ferdig plakaten. Eg tok utgangspunkt i Skrik (så originalt valg av motiv, I know) og sa til meg sjøl, ” Sandra, du har egenltig ikkje tid til å lage ein 3D-modell av Skrik, men gjer det likevel”. Som sagt så gjort. Modellen erlaserkutta ut frå akrylplater, smekka ihop, tatt bilde av og slengt på litt tekst. Easy peasy lemon squeesy 🙂  (Nei, så enkelt er det egentlig ikkje, det ligg faktisk timesvis med småpirk bak at frå foto til typografi, men eg er lat og eg trur egentlig ikkje at nokon andre har den minste interesse av å vite i detalj korleis eg laga den plakaten..)

A2 Poster Scream

Det var mange utrulig gode plakatar som blei sendt inn denne gongen, så eg trur lærarane våre vart godt fornøgde.

Tagged , , , , , , ,