Tag Archives: Ally Pally

London tur og Bastille konsert

Torsdag 6. Mars drog eg med meg Eirin på heisatur til London. Vi starta dagen tidlig og sat på toget før klokka var passert 09.00. VI hadde kun to mål for denne turen: finne Sherperds artstore ( ein butikk med eit papirutvalg som tilsvare himmelen for oss papirglane designere) og Bastille konsert(!)

poster bilder_3jula2012

Frå Big Ben trudde vi (eg) at det var straka vegen til Piccadilly circus, men den gong ei. Vi måtte gjennom ei park og hamna midt opp i vaktskifte av vaktene utanfor Buckinham Palace. Vi hadde tydligvis valgt ein veldig fin dag å reise til London på, det var turistar og skuleklasser overalt. Og som seg hør og bør i London traff vi også på nokre norske og svenske turistar (det kryr av dei her).

poster bilder_6jula2012

Klokka nærma seg 4, og etter ei rask lunsj og litt dessert bestemte eg at dersom vi skulle få gode plassar (så langt fram mot scena som mulig, for ja, eg er en av dei)  måtte vi reise NO. Heldigvis var arrangørane ved Alexandra Palace bestemt på at alle skulle finne fram. Ved togstasjonen hadde dei vore så snille  og satt fram eit skilt med instruksjonar for korleis ein skulle komme seg til Alexandra palace. Ikkje at det hjalp oss, vi måtte likevel innom tre ulike bussar før vi fann ein som i det heile tatt skulle i riktig retning. MEN vi fann fram, og gjenstod  berre to timars venting i ein kø fylt til randen av gjenger med fjortisjenter før moroa starta. Eirin var snill nok til å kjempe seg gjennom køen for å kjøpe oss kakao.

poster bilder_13jula2012

Klokka 19.30 er det endelig showtime. Før Bastille skal to oppvarmingsband på scena; Rag N Bone og Angel Haze. Klokka blei godt over 21.30 før Angel Haze sa seg ferdig og crewet starta og sette opp Bastille sitt utstyr. Vi hadde fått heilt fantastiske plassar på andre rekke nesten heilt ved midten av scena! Sidan det ikkje skal så mange centimenter til før eg ikkje ser ein dritt er god utsikt til scena gull verdt. Det blei ein det passiv agressive interne konflikter i kampen om plassen. Her er det spisse albuer og beinplass som gjeld. Eg vann..

Bastille Dan

Bastille var heilt fantastiske live, og sceneshowet deira har virkelig tatt seg opp eit par hakk sidan eg såg dei i november i fjor; trådlause mikrofonar, fleire trommer på scena, gitarar, impornerande lysshow og eit giganstisk trekant skjerm med prosjektor. Sidan eg var så heldig å ha med meg Eirin, og at ho er litt høgare enn meg, kunne ho ta bilder og filme det som skjedde på scena utan å få med bakhaudet på dei foran. Imens kunne eg slå meg heilt laus og nyte konserten uten å måtte føle på et eg burde ta bilder og filme for å ha i allefall noken få minner frå kvelden. Faktisk er det Eirin som har tatt alle bilda og videoane frå konserten, og for det er eg evig takknemlig. 🙂

Då konserten var ferdig småsprang vi heile veien tilbake til stasjonen. På veien passerte vi eit par hundre ++ andre konsertgåere i håp om å sleppe unna den enorme køen det heilt sikkert ville bli. Takk gud for det..

Her eit eit par bilder til, fordi eg ikkje får nok av Bastille..

bastille kyle will woody bastille dan 3bastille dan angle

Alt i alt var det ein fantastisk kveld. Det var ein lang dag, beina våre var øydelagt og vi kom ikkje heim før seint..deldig seint. Men i det var verdt det! Og eg trur Eirin hadde det litt artig ho og 🙂

Her er ein liten video frå turen vår! (Just a warning, den består av 80%  konsertvideo)

Hope you enjoy!

Advertisements
Tagged , , , , , , ,