Category Archives: Skule

Procrastinaiton Timelapse

Her er en timelapse video eg laga til prosjektet mitt om prokrastinering. Videoen blei filma over tre dagar, og består av rundt 2700 bilder. Her får du ein godt innblikk i korleis en typisk dag for ein grafisk design student er, og kor mykje tid som faktisk går med til skulearbeid.  I etterkant synst eg det er interessant å sjå kva eg faktisk gjer på når eg ‘jobbar hardt’ og ‘har det so jævlig travelt’. Eg veit at eg ikkje er den som jobbar raskast, men at eg var så ineffektiv var eg ikkje forberedt på.

Lenge leve sjølvinnsikta..

 

Munch Exhibiton

I år ville Edvard Munch fylt 150, dersom han framleis hadde vore i live. Hurra. Slikt må ein sjølvsagt ferie med utstilling. Som ein del av One Week Project i første semester fekk vi muligheten til å lage ein plakat som skulle hedre Munch sine 150 år, og vi fekk muligheita til å få plakaten din utstillt på Munch museet i Kragerø i mars, i år. Det var desverre svært labert engasjement, kun en av 60 studentar valgte  å lage Munch plakat. Lærarane våre synst tydeligvis at dette var for dårlig og pusha nylig brifen på oss ein ennå ein gong for å prøve å skvise ut nokre fleire bidrag. Denne gongen var det overraskande mange som greip sjansen, dessutan var tidspunktet litt meir beleilig enn forrige gong så koffor ikkje?

For oss som valgte å lage plakat til Munch betydde dette at vi ville miste rundt 1,5 veker som kunne blitt brukt på det andre plakatprosjektet vi helde på  med for tida. I tillegg til at det nærma seg eit par innleveringar, så dette kunne lett bli litt mykje å måtte sjonglere. I dette tilfellet er stress er uungåelig, så det er berre å køyre på.

SKRIK test 2_39

Improvisert fotostudio i stua vår er kvardagskost i 133 Bernard Street.

Her er den ferdig plakaten. Eg tok utgangspunkt i Skrik (så originalt valg av motiv, I know) og sa til meg sjøl, ” Sandra, du har egenltig ikkje tid til å lage ein 3D-modell av Skrik, men gjer det likevel”. Som sagt så gjort. Modellen erlaserkutta ut frå akrylplater, smekka ihop, tatt bilde av og slengt på litt tekst. Easy peasy lemon squeesy 🙂  (Nei, så enkelt er det egentlig ikkje, det ligg faktisk timesvis med småpirk bak at frå foto til typografi, men eg er lat og eg trur egentlig ikkje at nokon andre har den minste interesse av å vite i detalj korleis eg laga den plakaten..)

A2 Poster Scream

Det var mange utrulig gode plakatar som blei sendt inn denne gongen, så eg trur lærarane våre vart godt fornøgde.

Tagged , , , , , , ,

RSA Student Design Awards

Heilt i starten av første semester fekk vi muligheten til å delta i RSA Student design awards 2014. Det er ein stor designkonkurranse som er open for studenter og dei som akkurat er ferdig med å studere. Konkurransen består av mange ulike briefer som du kan velge mellom. Du kan sende inn bidraget ditt, men det kostar litt for å delta. Vi brukte desse briefane som ein del av eit av undervisninga vår i eit av prosjektfaga våre med null forventingar til å delta så vi tok det ikkje så altfor høgtidleg.

Kanskje eg skal forklare litt om korleis undervsininga vår er lagt opp. Vi har tre ‘project units’,vi kan kalle dei ‘prosjektfag’ because that makes more sense in norsk). Dei er Final Major Project, eller som vi kallar det FMP. Professional Context unit, eller Prof Con. Og til slutt Visual Communication Research unit, eller VisCom. Vi jobbar med alle desse prosjekta parrallelt med kvarandre og til tider kan det bli litt mykje og holde styr på, særlig når det nærmar seg innlevering.

Til RSA prosjektet valgte eg å  gå for ein brief som kort sagt gjekk ut på å re-designe ei sjølvvalgt produktpakning med tanke på å gjere dne meir miljøvennlig. Eg tenkte at dette er min mulighet til å ta for meg Amazon, kongen av lite gjennomtenkt og upraktisk innpakning.

Deadline kom og gjekk, vi fekk tilbakemelding på prosjektet og sa og ferdig med RSA-en. Eg hadde gløymt heile RSA-en heilt fram til for ei veke sidan når eg plutselig fekk ein mail av ein av lærarane våre at prosjektet mitt er eit av dei bidraga som har blitt valgt ut til, eg antar ‘representere Solent Uni’ i konkurransen. (Ikkje at eg skjønnar kordan fordi eg fulgte ikkje ein gong briefen. Eg skulle lage pakningsdesign, men eg endte opp emd å lage ein kampanje..) Faktisk er det to frå kollektivet vårt som får lov til å delta, meg og Eirin. Spennande! Dette er den første konkurransen eg har  fått deltatt på så det er ingen forventningar, whatsoever til å gå  vidare. Dei som kjem vidare til siste runde må inn og holde eit kort foredrag om prosjektet sitt til dommerpanelet, så for meg helde det i massevis berre å få delta..

Her er nokre konseptbilder av dei ferdige plakatane i bruk i riktig miljø.

Test board12 Submarine Board Ferdig

Tagged , , , ,